Til innhaldet
Røta
Hytta på Kikut i vinterlandskap.

Hytter

Kvar hytte me byggjer, blir teikna for tomta og folka som skal bruke ho. Her er ei av dei: ei eksempelhytte på Kikut, i stavlaft og tømmer, med svart kjøken og peis midt i rommet.

Eksempelhytte
Kikut, Hol
Byggjemåte
Stavlaft og laft
Røta gjorde
Alt, frå tomt til nøkkel
Fotografert
Hausten 2020

Stova

Peisen står midt i rommet og varmar til tre kantar. Bjelkane i taket er dei same som ber det.

Kjøken og matplass

Svart mot tømmer. Matplassen har vindauge på tre kantar, så ingen sit med ryggen til utsynet.

Soveroma

Eitt i panel, eitt i tømmer og eitt oppunder taket. Sengene er bygde på mål.

Detaljane

Det er i møta mellom stokk og stav du ser om nokon har hatt god tid. Dra bortover.

Vil du ha ei hytte med same handlag?

Hytta di blir ikkje ein kopi av denne. Ho blir teikna etter tomta di, behova dine og budsjettet ditt.

Ring Asle – 919 09 212Sjå korleis me byggjer

Informasjonskapslar

Sida brukar berre det som trengst for at ho skal verke. Eksterne medium, som kart og video, blir lasta først når du seier ja.